Skagerrak: Nordens navle?

Midpunktet i Skandinavia kan på sett og vis seiast å vera Skagerrak. Dette havområdet er eit slags felleshav for Noreg, Sverige og Danmark, og det har tatt relativt kort tid å ferdast over dette farvatnet med segl og årer. For eksempel skriv Adam av Bremen (som levde på 1000-talet) at det tar ein dag å segla frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark til Viken (som er det gamle namnet på områda omkring Oslofjorden). Og då det rekonstruerte langskipet Havhingsten frå Glendalough segla frå Roskilde til Bragdøya utanfor Kristiansand, tok det 36 timar. Og mykje tyder på at den historiske og forhistoriske kontakten i dette området har vore stor. Historiske kjelder fortel om tidvis dansk styre i Viken i vikingtida, og arkeologiske funn av ryttergravar viser ein særeigen kultur for området. Arkeologar peiker òg på tydelege spor etter handelsnettverk som batt regionen saman. Denne kontakten må nødvendigvis ha gått hand i hand med ein språkleg kontakt, men korleis kan me finna spor etter språkleg kontakt for så lenge sidan?

Skagerrak, i midten av Skandinavia. Foto: Kartutsnitt frå Google. Kartdata ©2018 GeoBasis-DE/BKG (©2019).

Når språkforskarar undersøker språkkontakt mellom ulike språk, kallar me det kontaktlingvistikk. Denne typen forskning har me lang tradisjon for i Norden. I Noreg har me for eksempel finsk, kvensk og samisk, og forskarar har undersøkt korleis kontakta mellom desse språka har føregått, og korleis han har endra språkbruken over tid. Men dei skandinaviske språka har òg blitt tatt med ut av Norden, der skandinavar har danna koloniar som har danna grunnlag for språkkontakt. Eit eksempel er svensk i Amerika der kontakten var mellom svensk, indianske språk, nederlandsk og engelsk, og i dette området er der ein enkelt forskingshistorie eg er spesielt glad i. Historien eg likar så godt handlar om ein papegøye som blei intervjua i ei vitskapleg undersøking. Papegøyen kunne engelsk, ein indiansk dialekt, og svensk, noko som viser kor mange språk som kan finnast innanfor fire veggar. Grunnen til at papegøyen i det heiletatt blei intervjua, var fordi forskaren ville vita om eigarane kunne svensk. Men ettersom eigarane var daude og ikkje hadde barn, var papegøyen siste håp.

Blåbær, ikkje blubber. Foto: Krister SK Vasshus
I Frankrike har me òg undersøkt vikingspråkets spor, som her ofte kjem til uttrykk i stadnamn i Normandie. Meir markant til stades er vikinganes språkspor på dei britiske øyene. Her låg språket i kontakt med keltisk og engelsk. Engelske ord som fellow, giftwindow og hug er eksempel på lån frå skandinavisk. I tillegg er både det engelske skriftspråket og engelske dialektar stappfulle av skandinaviske ord og stadnamn. Nokre gongar har det engelske språket tilpassa stavemåten og/eller uttalen av stadnamn med nordisk opphav, sånn at for eksempel norrønt Blábersdal (Blåbærsdal) blei til Blubbersdale (Kvalspekkdal).



Dialektar og stadnamn kan altså vera gode kjelder til å spora språkkontakt. I doktorgradsprosjektet mitt undersøker eg stadnamn langs kysten av Skagerrak, og målet mitt er nettopp å finna spor etter kontakten som var der i vikingtida. Dialektforskinga har alt vist at der finst likskapar mellom nordjyske dialektar og norsk, som for eksempel trekjønnssystem i substantiv, der rigsdansk berre bruker to kjønn. Pronomenet eg blir òg uttalt utan j-lyd i jysk, noko som gjer pronomenformen meir lik den sør-vestnorske. Her er det vel òg nesten obligatorisk å snakka om "den bløude kyststribå", som me kallar det på norsk. At eg i min dialekt seier kagabåd og piba istadenfor kakebåt og pipa, er ein følge av språkkontakt over Skagerrak, og dette språktrekket finst òg i sørsvenske dialektar. I tillegg finst ein del dialektord i jysk som er felles med norsk, men som ikkje er registrerte i rigsdansk. Eksempel på sånne ord er høsskennedrit og trudne, som svarar til norsk hausskeinedritt og trutna. Men her gjeld det å halda tunga beint i munnen, for kva er eigentleg lån, og kva er fellesnordisk arvegods? Dette er noko av det eg skal prøva å gje tydeleg svar på i avhandlinga mi.

Pronomenet eg/jeg er eit eksempel på ein språkleg likskap mellom Jylland og Sør-Vestlandet i Noreg. Kjelde: Oskar Bandle (1973). Die Gliederung des Nordgermanischen, kart nr. 10.

Me kan med andre ord sjå spor av språkkontakten i dialektane, men me har ikkje kartlagt korleis det ser ut i stadnamn kring Skagerrak endå. Informasjonen med får av ei god stadnamnundersøking, kan gje oss eit meir nøyaktig bilde av korleis kontakten har føregått, og/eller kva han innebar. Var det utelukkande ein kontakt gjennom handel og elitære nettverk, eller kan me sjå på skagerrakområdet som ein samanhengande språkleg og kulturell region?

Først må eg slå fast i kor stor grad stadnamna kring Skagerrak liknar kvarandre, og kva type namn det er som liknar. Gjeld det absolutt alle namn, eller berre dei som sluttar på -stad og -tveit, for eksempel? For å finna ut det, må eg samla inn stadnamn i ein database som eg kan bruka til å laga distribusjonskart. Eit distribusjonskart viser kor ein bestemt namnetype er utbreia. Då kan eg sjå om enkelte namnetypar har ein tendens til å vera meir vanlege kring Skagerrak enn i resten av Skandinavia.

Sånn kan eit distribusjonskart sjå ut. Her ser du distribusjonen av stadnamn som slutter på -by i Danmark. Jo mørkare farge, jo større tettleik har denne namnetypen. Kjelde: Peder Dam (2015). Bebyggelser og stednavnetyper, s. 64.

I skrivande stund samlar eg inn namn, og så langt har eg ein database på over 9000 namn frå Jylland nord for Limfjorden. Kjeldene eg går igjennom akkurat nå er for eksempel namnelister frå Christian Vs markbøger frå 1600-talet, og vitskaplege innsamlingar frå 1900-talet. Kong Christian V ville ha oversikt over skattegrunnlaget i riket sitt, og denne type "skatteoversiktar" er gull verdt for namneforskarar, fordi dei fortel om kven som eig kva, og kor dei bur. Då er stadnamn på både eigedom og bustad på plass.

Sånn ser dei såkalla indberetningerne ut. Desse er vitskapleg innsamla på 1900-talet, med lydskrifta Dania til venstre, og rigsdansk skriftspråk i midten. Foto: Krister SK Vasshus.

Prosjektet mitt er framleis i innsamlingsfasen, og eg har ikkje fått analysert namna endå. Men eg har funne eit par spennande og overraskande språktrekk som eg skal skriva om i eit anna blogginnlegg, så det er berre å gleda seg.


Denne teksten kunne eg ikkje ha skrive utan å ha støtta meg til forskning som allereie er gjort før meg, og her er kjeldene:
- Gordon Albøge (1988). Norden for lands lov og ret. Artikkel i Namn och Bygd volum 76, s. 87-111
- Oskar Bandle (1973). Die Gliederung des Nordgermanischen.
- Peder Dam (2015). Bebyggelser og stednavnetyper
- Gösta Franzén (1982). Svensk bebyggelse och svenska ortnamn i Amerika. Artikkel i Namn och Bygd volum 70, s. 18-29.
- Indberetningerne for Hjørring amt.
- Mortensens markbogudskrifter.
- Anne Pedersen (2011). Millitary obligation and offices: The evidence of grave finds. Artikkel i boka Settlement and Lordship in Viking and Early Medieval Scandinavia (redigert av S. Sindbæk og B. Poulsen), s. 45-61
- Anne Pedersen (2014). Skagerrak and Kattegat in the Viking Age - Borders and Connecting Links. Artikkel i Northern Worlds - Landscapes, Interactions and Dynamics (redigert av H.C. Gulløv), s. 307-318.
- Berit Sandnes (2012). Stedsnavn og språkkontakt i Namn och Bygd. Artikkel i Namn och Bygd volum 100, s. 165-179
- Søren Sindbæk (2008). Kulturelle forskelle, sociale netverk og regionalitet i vikingtidens arkæologi. Artikkel i Hikuin volum 35, s. 63-84.
- Peter Skautrup (1975). I Juwens sol. Sproglige relikter i jysk. Artikkel i boka Nordiske studier: Festskrift til Chr. Westergård-Nielsen på 65-årsdagen den 24. november 1975, s. 209-220).
- Dagfinn Skre (2007). Kaupang in Skiringssal. Kaupang excavation project publication series, volume 1.