Femti eller halvtreds? Om den danske teljemåten.

Halvtreds, tres, halvfjerds, firs, og så vidare... For nordmenn og svenskar er den danske teljemåten litt snodig. Teljemåten i dansk er basert på 20, der ord som firs er ein samantrekning av fire-sinds-tyve, som tyder 'fire gongar tjue'. Halvfjerds tyder 'halvvegs til den fjerde gangen av tjue' (altså 3,5x20), noko som krev et lite reknestykke for oss som ikkje er oppvaksne med denne måten å telja på. Å få telefonnummeret til ein danske, kan med andre ord vera ein aldri så liten utfordring.

Visualisering av vanskelegheitsskala i teljemåtar.

Men korfor i allverda bruker dei denne måten å telja på i Danmark? For i norrønt og gammaldansk brukte dei titalssystemet, som stammar frå det strenge titalssystemet i opphavspråket uriondoeuropeisk. Der finst andre språk i Europa som òg er basert på 20. Det er særs vanleg i keltiske språk, det finst i fransk, og det heilt særeigne språket basksisk, for å nemna nokre eksempel. Dei første danske kjeldene til tjuetalssystemet (som blir kalla vigesimal teljemåte) er frå 1300-talet i Jylland. Dette spreia seg til resten av Danmark i laupet av 1400-talet. Heller ikkje fransk og keltiske språk har hatt denne teljemåten i dei eldre tidene, og mykje tyder på at baskisk er det einaste språket som har hatt dette som opphavleg talsystem, i alle fall i europeisk samanheng.

Her finst der to moglege forklarinsmoglegheiter. Den første forklaringa er at vigesimal teljemåte har vore vanleg i språka som blei brukt i Europa før indoeuropearane kom vandrande hit frå dei pontiske steppene. Dei indoeuropeiske språka kan så ha lånt konseptet for teljemåten frå desse såkalla substratspråka. Den andre forklaringa er at vigesimal teljemåte oppsto spontant som eit alternativt teljesystem, og dette er den vanlege forklaringa på opphavet i dansk. Det har rett og slett gått for lang tid mellom at indoeuropearane kom til Skandinavia og første nedteikning av vigesimal teljemåte i dansk. Skulle det ha vore eit lån frå eit steinalderspråk, hadde me forventa å finna tidlegare kjelder enn frå 1300-talet. Uansett har den vigesimale teljemåten kome for å bli i Danmark, så me nordmenn og svenskar får berre øva oss på det dersom me vil snakka blandinavisk med kvarandre.